mandag 12. januar 2009

Endeleg framme!

Då har me kome fram til Norwegian House i Kathmandu. Det var litt kaotisk då me kom fram til flyplassen, det var ingen som kom og henta oss. Det vart litt SMS og telefon til Noreg, det enda med ein Taxitur utan sidestykke. Og sidan me vart delte i to bilar, var kommunikasjonen ikkje heilt bra. Men for å gjere historia kort, kom me oss fram til Norwegian House til slutt. Alle var samde at det var godt og endeleg vere framme i heimen vår dei neste 12 vekene.

I dag måndag 12. januar har me fått informasjon av rettleiaren vår Pramila. Programmet for den første veka er å verte kjende med området her og byen, samt språkkurs. Me fekk ei lita omvisning av Pramila, slik at me fann supermarknaden.

På grunn av straumsparing i landet, har me berre straum åtte timar i døgeret (fire timar om dagen og fire om natta, tidspunkta varierar kvar dag) Til dømes har me ikkje straum mellom kl 16 og kl 24 i kveld.

Dette var ei lita oppdatering, slik at de no ser at me er komne fram. Bileter og fleire oppdateringar kjem etterkvart.

Ingen kommentarer: