søndag 1. februar 2009

På besøk.

Ja då har me vore her i tre veker allereie. Denne veka har me vore på to besøk, og i morgon skal me byrja jobbe på desse to plassane. Dette gler me oss veldig til, alle fem. Det har vore litt trøbbel med nettet her på huset, men det vart fiksa på torsdag, so no skal det vere ganske stabilt (når det er straum, vel og merke).

Me trivst alle fem, men gler oss veldig (som sagt) til å få byrja å gjere noko. Dei plassane me har vore på besøk til har vore Patan Community Based Rehabilitation Organization (CBR-Patan), ein skule og eit dagsenter for born og unge med ulike utviklingshemmingar. Som det står i brosjyra "Working Together for the Betterment of Lives of Differently Able Children". Og so var det eit nystarta dagsenter i Bajrabarahi, for born og unge, frå to og eit halvt år til 22 år.

Dei første bileta er frå CBR-Patan:















Dette er eit av klasseromma.




Linda var raskt framme og synte si interesse for kva dei gjorde i timane.




Av og på med bordet, ein syssel som varte i ca fem minutt.




Dagsenteret i Bajrabarahi:

Dagsenteret i Bajrabarahi, eit lite rom for undervisning og leik.



Lars Olav sitt første møte med den sjarmerande jenta.




Desse to karane syner seg og vere gifte, den eine av dei har til og med ein son.
Det er vel slikt me ikkje høyrer om heime i Noreg.






Dharmandra, ein alltid smilande og glad gut.




Santosh, eit talent innan sang og musikk, og har ein fantastisk
ballkontroll sjølv om venstre handa ikkje fungerar heilt bra.





Ingen kommentarer: