søndag 5. april 2009

Siste dagen, og flyet går snart.

Då har me kome til sundag 5. april og avreisedagen. Me har no pakka koffertane, litt for tunge, og skal berre gjere unna litt eting og avslapping før me skal til flyplassen.

Denne siste veka har gått fort, me har hatt mykje meir straum enn dei først 11 vekene. Difor har me fått gjort litt også.

Veka har gått med til avsluttingar på høgt nivå.

Torsdag hadde me vår siste dag i Bajrabarahi. Me tok med oss piknikutstyr og tok med heile dagsenteret på tur. Dette vart ein fantastisk dag, mykje godt å ete. Me kosa oss i parken, det vart og litt fotballspeling. Vel attende på dagsenteret vart det veldig emosjonelt, gåver vart utveksla, og når tida for avreise kom, kom også tårene på dei fleste av oss. Me har knytt sterke band til alle der oppe, og gler oss til å kome attende for å sjå korleis det går med gjengen.

På kvelden hadde me avskjedsmiddag her på Norwegian House, for vår rettleiar, og dei som me har jobba/samarbeidd med her i Nepal. Det var servert kjøttbollar i brun saus og kokte poteter. Kokte poteter er ikkje vanleg kost i dette landet, så dei var ganske overraska over kor godt det var. Fleire har sagt at dette vil dei prøve å lage ved eit seinare høve. Her vart det og utveksla litt gåver, me fekk kvar si t-skjorte frå Downs syndrom assosiation of Nepal, ei t-skjorte kvar frå NFU, der det står på ryggen kvar plass me har besøkt under praksisen vår. Me fekk og kvar sin visdomsgudinnefigur frå dama me har hatt kontakt med frå CBR-Patan.

Fredag besøkte me Lisa enno ein gong, og tok ho med ut på shopping og is. Det er so godt å sjå kor glad den jenta er, og spesielt når ho endeleg får kome seg ut av leilegheita. Me reiste til World trade center der ho fekk køyre heis for første gong, med vindauger;) Me kjøpte to toppar og ei dørmatte til ho. I tillegg vart det is, noko Lisa gledde seg veldig til. Og godt var det òg.

Fredagskvelden hadde me avskjedsmiddag saman med to av våre norske vener som me har fått her nede. Dei hjalp oss veldig i starten, og har òg hjelpt Kjetil med å finne stoff til bacheloroppgåva si. Det vart ein koseleg kveld.

Laurdag, nok ein emosjonell dag. Me besøkte barneheimen i Gokarna igjen. Det er so godt å kome dit, sjå alle dei glade gutane. Nok ein gong vart det fotballspeling på oss, det vart ei varm oppleving. Me fekk servert kokt potet med, med kokte grønsaker og salt. Ein lett lunsj. Kamaro var so begeistra for desse kokte potetene, og visste at me tykkjer om kokt potet. Me vart meir kjende med gutane denne gongen, og fekk utveksla e-postadersser. Gåver hadde me med, frå våre fantastiske pengegivarar. Dei fekk ein globus, so dei kan lære meir om verda, og mange ulike leikar og spel (fritidssysslar). Berre på desse to dagane, som me har besøkt dei, har me fått gode relasjonar med desse gutane. Og det var ganske tungt å måtte forlate dei, når dei syner so godt at dei har vorte glade i oss. Me må nok seie at me vart veldig glade i desse gutane me også. Neste gong nokon av oss er her i landet, vert det nok eit besøk attende til dei.

Etter dette besøket var det rett til middag saman med dei fleste som var på middag hjå oss på torsdag. Det synte seg etter kvart at det var ein burdagsmiddag. Men tradisjonen tru i dette landet, var det ingen som hadde sagt det til oss. So gåve var det lite med, men han fekk bursdagssong på norsk. Veldig koseleg, og ein fin kveld å ta avskjed på.

I dag sundag har me pakka ferdig, og er no snart klare for heimreise. Det skal verte vemodig å reise no, men kanskje litt godt å kome heim til norsk mat, luft og straum.

Litt bileter kjem når me kjem heim, då det er lettare å få lagt inn bileter med større internettkapasitet.

Takk til alle som har vore so gavmilde og donert mykje pengar til oss. Me har trur me har nytta dei etter beste evne, og ser at det har vore naudsynt med desse pengane for å kunne hjelpe dei me har hatt lyst til å hjelpe, og som har trengt det.

Ingen kommentarer: