fredag 27. mars 2009

Snart slutten på vår praksis.

Då er det ei veke att av vår praksis her i Nepal, og det er vel på tide med ei oppdatering.

Det har vore vanskeleg å halde denne bloggen oppdatert so mykje som me kunne tenkt oss, og det beklagar me på det sterkaste. No har det gått 22 dagar sidan siste oppdatering og mykje har hendt.

Me får ta det kronologisk:

Dhulikel.

Me var på besøk til Kathmandu university og sjukehuset i Dhulikel, der det er medisinstudier i tillegg. Dette vart ein innhaldsrik dag, der me fekk kort info om universitetet og omvising. Det same fekk me om sjukehuset, som verkar kjempe bra. Alle betalar berre ein liten sum for behandling der. Og om du ikkje har pengar, får du uansett den behandlinga du treng.

SOS-barnebyer i Sanothimi.

Me har òg besøkt ein SOS-barneby, dette var eit positivt møte med ein velkjend organisasjon. Det var godt å sjå at fadderskap i SOS fungerar, det kan anbefalast på det sterkaste å ha eit fadderbarn i utlandet.

Rafting og Canyon swing.

Me har òg hatt tid til litt moro. Ein fredag reiste me på tur for å rafte, overnatte på Last Resort og nokre svinga seg frå 160 meters høgde. Dette vart eit kjærkome avbrekk frå det hektiske Kathmandu, sjølv om me fekk oppleve Nepal på noko av det trasigaste. Om det er noko dei ikkje likar, so berre blokkerar dei hovudvegane. Dette førte til at raftingturen vart kortare enn vanleg. I tillegg måtte me vente tre timar på å kome oss vidare etter raftinga. Linda og Jannike var so tøffe at dei prøvde Canyon swing frå 160 meters høgde. Ei god helg.

Møtet med Lisa.

Lisa er ei sprudlande jente på 20 år som har CP. Me besøkte henne for å finne ut kva ho har lyst til å gjere og kva me kan ta ho med på. Ho bur saman med foreldra i ei leilegheit i femte etasje i ein gamal bygard i Kathmandu. Me avtalte å hente ho so ho fekk vere med på konserten på Down`s syndromdagen.

Down`s syndrom dagen.

Laurdag 21. mars var det Down`s syndrom dagen, denne vart feira saman med Lisa, på Nepal tourism board, der Down`s syndrom forbundet hadde ei to timar lang forestilling. Kjempe artig å sjå kva dei kan desse borna og ungdommane. Ein fin dag i praksisen.

Chitwan.

Me har og vore på sydlegare breiddegrader, nærmare bestemt Citwan. Denne turen vart kombinert heimebesøk og ferie. Me var på jeepsafari og fekk sjå nesehorn, påfugl, hjort, krokodiller og ein tiger i bur. Me var òg på Elefantriding i jungelskogen. Der kom me tett inn på eit nesehorn. Etter desse turane var me på heimebesøk på landsbygda og andre dagen på besøk på nokre skular. Me reiste saman med NFU, og fekk ein fin tur.

Workshop

I går sundag hadde me ein workshop for lærarar ved ulike skular og dagsenter. Me fortalte dei om kommunikasjon (kroppskontakt, kroppsspråk og liknande) og me snakka om autisme. Dei viste stor interesse og me vonar me har oppnådd noko, berre med å fortelje om det.

Dette var kort om dei ulike plassane me har besøkt i det siste. Skal prøve å få ei oppdatering før me reiser heim neste sundag.

Ingen kommentarer: