torsdag 5. mars 2009

Besøk på eit down`s syndromsenter.

Onsdag den 25. februar, var me og besøkte eit dagsenter for born og unge med Down`s syndrom. Dette synte seg å vere ei kjempe fin oppleving. Dei hadde besøk av ein musikkteraupeut, han var fødd og oppvaksen i Nepal, men har siste åra budd i Skottland. Det var godt å sjå at det er nokre som jobbar på denne måten. For han er musikk, kroppsbeherskelse og kroppskontakt veldig viktig. (Om du vil, kan du godt besøke heimesida hans: www.dancenamaste.co.uk )

Dama som har dagsenteret i huset sitt, Sheela, har gjort mykje for desse borna. Og ho har idear som skulle vore gjennomført over alt for dei med ulike psykiske utviklingshemmingar. Leik er læring er noko ho brukar i si undervising, i tillegg ser ho etter kva den enkelte er god på og framhevar dette. Under ser de nokre bileter som gjev eit lite inntrykk om kva som møtte oss denne dagen.



Dansing, både for store og små.




Diverse måtar å bevege seg på.
Dette synet var noko av det første som møtte oss

Ingen kommentarer: